Torleiv Uppstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torleiv UppstadSymbol unrelated.svg
Født: 19. november 1929 (89 år)

Torleiv Uppstad (fødd 19. november 1929) var teknisk sjef i Ringerike kommune. Han bur på Hønefoss, dit han kom i 1964 som avdelingsingeniør. Sidan var han overingeniør før han vart teknisk sjef. Han kjem frå Uppstad i Valle kommune. Torleiv Uppstad gjekk Agder Folkehøgskule i Søgne og deretter Hornnes landsgymnas. Etter krigen gjorde han teneste i Tysklandsbrigaden før han etter eit par år med jobb i Oslo tok teknisk utdanning på det private Skaus tekniske institutt. Deretter reiste han til USA og fullførte utdanninga som bygningsingeniør ved Universitetet i Colorado, der han var i to år. Før han kom heim att til Norge, arbeidde han i Salt Lake City eitt år. Tilbake i Norge arbeidde han i eit privat konsulentfirma i to år, byplankontoret i Oslo i to år og Oslo vegvesen i fire år før han flytta til Hønefoss i 1964.

Familie[rediger]

Faren Jon Uppstad var lærar og bonde der. Brørne hans, Knut J. Uppstad og Olav J. Uppstad, overtok garden på Uppstad. Den eldste broren, Tarald J. Uppstad, budde og heime, men han døydde forholdsvis ung. Ein fjerde bror, Bjørgulv Uppstad, var meieriingeniør i Stavanger. Dei tre søstrene hans var Gro, som vart gift med Knut Rike, Tone, som vart gift med Dreng Bjørgum og Tora, som vart gift med Asbjørn Bjørgum, skomakaren.

Engasjement[rediger]

Torleiv Uppstad har vore trufast i Setesdalslaget i Oslo, også etter at han flytta til Hønefoss. Han var nestleiar i laget og aktiv så lenge laget var i aktivitet. Han har og skrive mykje om aktivitetane i laget i Setesdølen, der han og var ein flittig lesarbrevskribent i mange år. Og sjølv om han budde og arbeidde på Hønefoss, var han ofte heime på Uppstad, særleg i samband med reinsdyrjakta.

Kjelde[rediger]