18. juni 2022
Hopp til navigering
Hopp til søk
⧼juni⧽ | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
⧼må.⧽ | ⧼ty.⧽ | ⧼on.⧽ | ⧼to.⧽ | ⧼fr.⧽ | ⧼la.⧽ | ⧼su.⧽ |
1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
27 | 28 | 29 | 30 |
18. juni 2022 var ein laurdag.
Hendingar
- Naturlostur på gamal heieveg i Hylesdalen mellom Valle og Rysstad. Møtestad: Uppstadtippen nord for Brokke kraftverk klokka 11. Buss til Berg i Valle, der turen tek til. Turlengde: 12 km på sti og grusveg. Naturlosar: Gjermund Bø, Karin Bøe og Knut Olav Uppstad. Pris: 50 kr til busstransport. Opp mot 70 personar var med på turen. Arrangør: Setesdal sogelag
- «Setesdal Kulturne», busstur med innlagte stopp hos artistar i Setesdal. Arrangør: Risdal Touring
- Tingvatns Ting – Sørlandets eldste marknad – i Hægebostad. Opne portar frå klokka 10
- Sesongopning for sommaren på Setesdalsmuseet på Rysstad, med opning av to nye utstillingar:
- Strikkearven, ein ny presentasjon av Annemor Sundbø si store samling av strikka ulltekstilar
- Beverens reise, om korleis beveren på 1800-talet blei utrydda i Sverige, men med norsk hjelp kom tilbake til det svenske landskapet
- Ikkje akkurat KORK – men KORPS!. Konsert med «Norges lengste korps» på Bygland Kulturscene klokka 18.18. Underhaldningsmusikk – med punch! Gjestesolist: Anette Larsson. Dirigent: Ingrid Eieland Flåt. Konferansier: Aina Brattfjord
- Teltmøte i Evjetunhallen på Evje klokka 19.30. Konsert med Rett kurs klokka 21.30. Arrangør: «Ungdommer» fra indre Agder
- 40-års jubileumsfest for Road Runners MC Evje i klubblokala på Verksmoen. Musikk ved The Boots Band. Open for alle. Billettsal i døra
Kjelder
- Facebooksida til Road Runners MC
- Naturloskalenderen 2022, side 21
- Dagsturer til Setesdal, annonse i Setesdølen nr. 41, 2021, side 7
- Sigurd Haugsgjerd, Først og fremst ein folkefest, artikkel om Tingvatns Ting i Setesdølen nr. 42, 2022, side 6
- Ikkje akkurat KORK – men KORPS!, annonse i Setesdølen nr. 42, 2022, side 11
- Sigrid Åsen Haugsgjerd, Klart for opning av museumssommaren, artikkel i Setesdølen nr. 43, 2022, side 4
- Teltmøter 2022, annonse i Setesdølen nr. 43, 2022, side 14
- Sogevandringa i Hylesdalen 18. juni 2022, stykke i Setesdal og setesdølar 2023, side 7