Åslandsvegen (Bykle)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Åslandsvegen tek til frå Riksveg 9 på austsida av Otra ved Berdalsbru, og går sørover i nokre hundre meter til Åsland. Det siste stykket er privat veg. Om ein følger vegen vidare eit kort stykke, kjem ein fram til dei gamle brukara etter den første Berdalsbrua (ferdig 1913). Det var såleis her den første køyrevegen oppover til Hovden gjekk.
Kjelder
- Leonhard Jansen, Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 189–190