Åseral gamle kyrkje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Åseral gamle kyrkje stod på same staden som Åseral kyrkje i dag. Ho kan ha erstatta den gamle stolpekyrkja i bygda, som truleg var reist på 1000-talet ein gong. Ein veit ikkje sikkert når kyrkja var reist. Men kyrkjerekneskapa kan tyde på at det seint på 1600-talet blei bygd ei heilt ny kyrkje i Åseral. Våpenhuset, og sannsynlegvis tårnet, på kyrkja som står i Åseral i dag, er eldre enn resten av kyrkja og kan hende oppførte på 1680-talet.

Tre av stokkane i dagens kyrkje, to frå våpenhuset og ein frå tårnet, ser ut til å vere attbrukte frå ein endå eldre bygning enn gamlekyrkja. Dei skriv seg truleg frå trær som vart felte på slutten av 1500-talet. Dei kan vere frå eit eldre våpenhus, men det er uvisst, skriv Frans-Arne Hedlund Stylegar i Åseral kyrkje si jubileumsbok (s. 43).

Kjelder