Åseral stolpekyrkje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Åseral stolpekyrkje var truleg den første kyrkja på kyrkjetomta der Åseral kyrkje står i dag. Ei «stolpekyrkje» er ei stavkyrkje, men med jordgravne stolpar. Det er uvisst når den første kyrkja i Åseral blei reist, men kanskje på 1000-talet.

Det må ha vore kyrkegard rundt kyrkja. Rundt 1920 blei det funne ei beingrind frå eit menneske saman med eit lite beger av bronse, ein gravkalk. Gravkalken er frå 1100-talet eller 1200-talet.

Kjelder