Sveigsbru
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sveigsbru er ei bru som fører Årdalsvegen over Tovdalselva (Årdalsåna) nord i Årdalen, sør for Sveigshyl, i Bygland austhei. Rett over brua, på austsida, endar Årdalsvegen. Det går skogsbilveg vidare nordover til Årdalstøyl og sørover til Furebuvatn. Det er private bomvegar som ikkje er opne for andre enn grunneigarar eller andre med nøkkel til bom.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 521