Ånund O. Rysstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ånund O. Rysstad
Født: 2. mars 1924
Død: 8. april 2014 (90 år)

Ånund O. Rysstad (fødd 2. mars 1924, død 8. april 2014) var lærar og bonde på Rysstad. Han var fødd og vaks opp på garden Århus like sør for Hylestad kyrkje. Han gjekk engelsklinja på Hornnes landsgymnas og tok deretter to års skogbruksutdanning på Foldsæ før han begynte på lærarskulen i Kristiansand. Seinare tok han sløyd- og teiknelærarskulen på Notodden og meir utdanning på lærarhøgskulen i Trondheim. Før han kom til Hylestad skule som lærar hadde han hatt lærarpostar i Kviteseid og Eydehamn. Sidan kom han til Sætrum ungdomsskule, som ungdomsskulen i Valle heitte den første tida. Der avslutta han si teneste som lærar då han vart pensjonist.

Ved sida av lærararbeidet dreiv han garden saman med kona Sigrid Rysstad, fødd Rike. Dei fekk fire born, og etter at han hadde gjeve garden over til dottera Tone Å. Rysstad, flytta han og Sigrid til Leite i Valle. Utanom arbeid og gard engasjerte han seg i Senterpartiet og var med i Valle kommunestyre, der han var varaordførar både medan Dreng Brokka var ordførar og etter at Gudmund Åkre hadde overteke vervet.

Han sovna fredfullt inn på Valle Bygdeheim, der han var den siste tida. Kona Sigrid og barna Liv, Jorunn Rysstad Berg, Tone og Gudrun, svigerbarn og barnebarn levde etter han. Gravferda var frå Hylestad kyrkje tysdag 15. april 2014 klokka 13. Etter gravferda var det minnestund på soknehuset på Rysstad. I staden for blomar ynskte ein heller ei gåve til Steinar Harila sitt barneheimsporsjekt i Russland.

Kjelde[rediger]