Valle (tettstad)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. desember 2018 kl. 12:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet ørliten skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle (Valle sentrum) er ein tettstad og kommune- og administrasjonsenteret i Valle kommune. Valle sentrum oppfylte lenge ikkje kriteria til Statistisk Sentralbyrå for å bli rekna som ein tettstad. Men i statistikken per 1. januar 2016 var Valle sentrum med, og hadde 289 innbyggarar. Per 1. januar 2018 var talet auka til 298.

I Valle sentrum ligg mellom anna Valle kommunehus, Valle kyrkje og ei stor mengde forretningar. Mellom desse er det nye Valletunet med Coop Prix Valle. Her er også vidaregåande skule og barne- og ungdomsskule, kultursenter, alders- og sjukeheim samt idrettshall og kunstgras- og friidrettsbane. I 2018 opna det kombinerte biblioteket og kyrkjestoga Sæbyggjen.

Sjå også

Kjelder