Kåre Rike

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. april 2024 kl. 06:36 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Orto)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kåre RikeSymbol confirmed.svg
Kåre Rike.jpg
Født: 19. juli 1960 (63 år)

Kåre Rike (fødd 19. juli 1960 i Valle) er IT-driftsansvarleg i Valle Sparebank. Der begynte han i 1984, så han fekk gullklokke i 2009. Han begynte som assistent i kassen, men frå 1985 har han arbeidd med data i banken. No har han ansvar for banken si nettside.

I april 2024 blei Kåre feira med marsipankake i Valle Sparebank, då han nådde 40 år som tilsett i banken.

I fritida er han med i Valle radio som programleiar for Opi sending, og frå hausten 2010 gjekk han inn som teknikar. Elles er han mykje i skogen på Dale og arbeider med ved. Han er og ein del på støylen Øyan i Setesdal Vesthei.

Kjelder