Inga Flateland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. mai 2009 kl. 17:57 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ny artikkel)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Inga Flateland (fødd 30. september 1955 i Bykle) er konsulent på Valle likningskontor - Skatt Sør. Ho har tidlegare jobba på landbrukskontoret i Valle, i avløysarringen og Wisted Valle. Då borna var små sat ho heime og skreiv handskrivne rekningar for Georg Viki sin trelasthandel. Rekneskapsutdanninga si fekk ho på Drottningborg Handelsskole.

På fritida er ho teknikar i Valle Radio og aktiv engasjert Oveinang Grendelag. Ho har tidlegare representert Valle Høgre i kommunestyret i Valle i ulike utval, styremedlem i styret for Setesdølen, der ho og var formann ein periode.

Inga er gift med Tarald Flateland. Dei har sønene Ånund Flateland og Knut Flateland.