Heimtveiti (Bykle gnr 11 bnr 1)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. september 2020 kl. 07:52 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Liten oppdatering)
Hopp til navigering Hopp til søk
Det vakkert restaurerte våningshuset i Heimtveiti. Eldste delen skal vere frå ca. 1750.
Heimtveiti 27. desember 2019.
Foto: Geir Daasvatn

Heimtveiti er eit nedlagt gardsbruk i garden Tveiti i Nordbygdi ved Botsvatn i Bykle. Det var heimen til Bykle-ordførar Gunnar Å. Tveiten.

Husa i det opphavelege tunet blei flytta lenger opp i bakken, til Øytveit, som følge av reguleringa av Botsvatn midt på 1970-talet. Svein Tveiten (1935-2013) fekk Aust-Agder fylkes bygningsvernpris i 1999 for sitt arbeid med å ta vare på dei gamle bygningane.

Heimelshavar til Heimtveiti i dag (2020) er Gunnar Tveiten (f. 1965). Han og familien brukar staden mykje som feriebustad.

Historie

Heimtveiti var hovudbølet i Tveiti, som dei seinare bruka i garden blei skilde ut frå. Busetnaden i Heimtveiti er såleis svært gamal. Ein lokal tradisjon som har følgd garden fortel at husa opphaveleg stod på Skarg. Men desse første husa brann ned. Dei blei då bygde opp att på Øytveit. Men der gjekk eit stort jord- og steinras som øydela husa, kanskje rundt år 1500. Husa blei då sette opp igjen mellom Døli og Loptshaugen, der dei stod fram til oppdemminga av Botsvatn.

Tveiti var udela til rundt 1640-talet. Då blei Nordtveiti og Ryningen skilde frå hovudbølet, og det blei tre hovudbruk i garden.

Kjelder

Kart

Laster kart...