Gunvald O. Abusdal
Gunvald O. Abusdal | ||
---|---|---|
Født: | 1857 | |
Død: | 1954 (alder 96–97) |
Gunvald O. Abusdal (fødd 1857, død 1954) var landhandlar og seinare butikkekspeditør i Hornnes. Han var sterkt engasjert i avholdsrøyrsla og losjearbeidet.
Gunvald dreiv landhandel på Byglandsfjord nokre år. Men handelen ville ikkje gå. Gunvald slutta då å drive forretning sjølv, og stod i staden i butikken til Torgeir G. Abusdal i Dåsnes, som han var i slektskap med.
I 1916 kjøpte han eigedomen Nedre Dåsnes (bnr. 12) i Dåsnes. Det var på denne eigedomen dei første husa i Dåsnes hadde blitt sett opp. Han bygde på dei gamle husa så dei blei høgare. I 1923 selde han husa og halve eigedomen. Sjølv bygde han seg nye hus på det jordstykket han heldt igjen i handelen, Sørtun, bnr. 45. Denne nye eigedomen låg om lag 100 m lenger sør i Dåsnes. På denne eigedomen kom sonen Åsmund Abusdal til å starte opp med bensinstasjon. I dag har den vesle tappestasjonen blitt til den svære Esso-stasjonen i Dåsnes.
Gunvald Abusdal seiast å ha vore ein snill og venesæl mann. Han var med i Hornnes kommunestyre nokre år. Men det var fråhaldssaka som var hjartesaka.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 195-200