Skilnad mellom versjonar av «Bykildammen»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
(Bykildammen)
 
s (Lenkefiks)
Line 5: Line 5:
== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Johs. Bjørkeli]] og Gro Seland, ''Reddet bygda fra neddemming'', artikkel i Fædrelandsvennens lørdagsmagasin God Helg 25. oktober 2015
*[[Johs. Bjørkeli]] og Gro Seland, ''Reddet bygda fra neddemming'', artikkel i Fædrelandsvennens lørdagsmagasin God Helg 25. oktober 2015
*[[Olav Bø]], ''[[Setesdal - frå utkantbygder til kraftsentrum]]'', Det Norske Samlaget, 1991, side 159-165
*[[Olav Bø (1918)|Olav Bø]], ''[[Setesdal frå utkantbygder til kraftsentrum]]'', Det Norske Samlaget, 1991, side 159-165


[[Kategori:Bykle]]
[[Kategori:Bykle]]

Versjonen frå 11. august 2015 kl. 10:36

Bykildammen var ein 75 meter høg betongdemning som kraftutbyggarane på 1960-talet ynskte å bygge ved Bykil sør for Bykle kyrkjebygd i Bykle kommune. Dammen ville ha stengt hovuddalføret ved Byklestigen, akkurat der Setesdal er på sitt trongaste, og gitt eit enormt kraftmagasin. Vasstanden ville gått heilt opp til sjølve busetnaden i Kyrkjebygda. Også Botsvatn i vest ville ha blitt ein del av magasinet. 24 gardsbruk med 96 menneske tilknytta ville blitt sett under vatn.

Motstanden mot prosjektet var stor i Bykle. Til slutt vart planane stansa av regjeringa Borten i 1969. Men sigeren hadde ein bismak. 16 av dei 24 gardsbruka i Nordbygdi ved Botsvatn vart likevel neddemde, då det i staden for dam ved Bykil nokre år seinare vart bygd dam ved Botsvatn.

Kjelder