Bertesknapen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. april 2011 kl. 11:20 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Flytta bilete for å unngå konflikt med kartet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bertesknapen med flyradarkuppelen.
Foto: Reidar Tveito.
Otra IL hadde med Bertesknapen i sitt 10-toppersopplegg i 2010

Bertesknapen er det høgaste fjellet i gamle Evje kommune. Det er 652 meter høgt og ligg på austsida av Evje, lett å sjå frå Riksveg 9, for det er fjellet med ein flyradar på toppen. Det er merka løyper dit både sommar og vinter, og toppen er godt besøkt av turfolk, sjølv om mange irriterer seg over at toppen er øydelagd som mål for skituren etter at dei tekniske installasjonane vart sette opp og gjerda inne på toppen. Flyradaren kom i full drift i 1999.

Å kome dit

For å kome til Bertesknapen kan ein fylgje vegen som tek av frå Gautestadvegen ved Rassvæte, om lag 11 km frå Evje. Vegen går nordvestover på sørsida av Høvringsvatnet, men siste del av turen går nesten rett sør gjennom Sintebudalen til toppen. Frå Bertesknapen kan ein mellom anna sjå Årdalsknapen sør i Bygland kommune, Svåbassen og Hillestadheia i Åmli, samt Befjell i Froland.

Aktivitet

Bertesknapen er ein del av turopplegget Ti toppers, som Otra IL organiserer.

Evje halvmaraton, som Otra IL arrangerte første gongen laurdag 4. september 2010 hadde vendepunkt på Bertesknapen. Løpet starta ved Sport 1 på Evje og hadde målgang ved Evje bakeri. Strekningen var 21097,5m og ca 469 høydemeter.

Kilder

Kart

<googlemap version="0.9" lat="58.635148" lon="7.94363" type="terrain" zoom="13" width="550"> 58.629832, 7.91421 </googlemap>

Eksterne lenker