Hekni bomstasjon

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. august 2011 kl. 23:11 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Henkni bomstasjon)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hekni bomstasjon på grensa mellom Valle kommune og Bygland kommune vart starta opp i 4. juni 2003 med innkreving av bompengar av folk som køyrde Riksveg 9 sørover. Tilsvarande bomstasjon vart sett opp litt sør for Vassend på grensa mellom Bygland kommune og Evje og Hornnes kommune for å krevje inn bompengar av folk som køyrde nordover. Avtalen var då at Vassend bomstasjon skulle stå i fem år, og 4. juni 2008 fekk difor Hekni bomstasjon innkreving i begge retningar.

Bilar som ikkje hadde Autopass bombrikke kunne etter dette ikkje lenger betale på bomstasjonen, men fekk rekning i posten om dei ikkjø køyrde innom Sølvgarden og betalte der. Det var og høve til å betale på Nye Grendi Landhandel og på YX Evje.

På grunn av innbrot i Hekni bomstasjon like før opninga 4. juni 2008, der tjuvane fekk med seg datateknisk utstyr for over 100.000 kroner, vart innkrevinga utsett nokre dagar i høve til opninga av bomstasjonen. Tjuvane brukte då skjerebrennar for å kome seg inn i bomstasjonen.

Kjelde