YX Evje

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Foto: YX Evje

YX Evje er ein kombinert bensin- og servicestasjon på Verksmoen sør for Evje sentrum. Stasjonen ligg sentralt plassert langs Rv-9, Setesdalsvegen, og trafikken gjennom Setesdal passerer rett forbi. Innehavar er Egil Bjorå. Bedrifta vart etablert av far hans Notto Bjorå i 1966, med Caltex som leverandør av bensin. Seinare blei det Texaco.

I september 2015 fekk stasjonen 10 nye bensin- og diselpumper, og heile anlegget fekk ny utsjånad med nye, friske fargar. Årsomsetninga i 2015 låg på om lag 38 millionar kroner pluss moms. Det var 10-12 tilsette, fordelt på 8-9 årsverk.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]