Urdviki

Urdviki er ei vik i Byglandsfjorden like nord for Nesmoen og søraust for Storestraumen. Riksveg 9 går gjennom Urdviki og fylkesveg 323 startar ved Urdviki. Riksveg 9 er utsett for ras akkurat her, og torsdag 26. mai 2011 skulle vegen stengjastt frå klokka 09 til 13 og ein fjellhamar på 5000 kubikkmeter sprengjast bort.
Rassikringa i Urdviki tok til alt i 2009 og planen var å sprenge bort fjellhamaren hausten 2010, men då kom vinteren så fort at arbeidet vart utsett til våren. Tidlegare har området vorte reinska med klatrelag som har nytta spett og dynamitt, men det var ikkje nok. Etter sprenginga 26. mai 2011 skulle det brukast helikopter som slepte vassbomber for å reinske fjellet. Men på grunn av vulkanutbrot på Island og ei oskesky som kom inn over Sør-Norge denne dagen, vart prosjektet utsett.
Kart
<googlemap version="0.9" lat="58.849279" lon="7.763987" type="terrain" zoom="14" width="450" scale="yes"> </googlemap>
Sjå også
Kjelde
- Ole Birger Lien: Skal sprenge 5000 kbm. Artikkel i Setesdølen nr. 38, 2011 side 4