Urdviki

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. mai 2011 kl. 21:16 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Urdviki)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Urdviki er ei vik i Byglandsfjorden like nord for Nesmoen og søraust for Storestraumen. Riksveg 9 går gjennom Urdviki og fylkesveg 323 startar ved Urdviki. Riksveg 9 er utsett for ras akkurat her, og torsdag 26. mai 2011 vart vegen stengt frå klokka 09 til 13 og ein fjellhamar på 5000 kubikkmeter sprengt bort.

Rassikringa i Urdviki tok til alt i 2009 og planen var å sprenge bort fjellhamaren hausten 2010, men då kom vinteren så fort at arbeidet vart utsett til våren. Tidlegare har området vorte reinska med klatrelag som har nytta spett og dynamitt, men det var ikkje nok. Etter sprenginga 26. mai 2011 vart det brukt helikopter som slepte vassbomber for å reinske fjellet.

Kart

<googlemap version="0.9" lat="58.849279" lon="7.763987" type="terrain" zoom="14" width="450" scale="yes"> </googlemap>

Kjelde