Åsmund O. Kjetså

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. september 2014 kl. 21:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Åsmund O. Kjetså)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Åsmund O. Kjetså var fødd i 1915 på bruket Der Inne Aust (bruksnr. 3) i Neregarden - Kjetså i Hornnes, og døydde i 1947.

Åsmund var ein pådrivar for idretten mellom ungdomane i Hornnes-bygda. Nær husa på garden laga han ein idrettsbane, der ein kunne spele fotball. Det var hoppegrop for lengde og høgdestativ, og ringar å turne i. Åsmund fekk også bygd Kjetsåbakken på eigedomen, ein bakke der dei flinkaste kunne hoppe opp mot 27-28 meter. Han bugde òg ei badstoge nedanfor husa, der ungdomane fekk lov til å kome kvar fredag og ta sauna.

Asmund var sjølv ein dugeleg idrettsmann. Han var krinsmeister i kombinert, hopp og langrenn fleire gonger.

Det kom som eit stort sjokk på ungdomane i bygda som hadde blitt så glade i Åsmund, då dei fekk høyre at han hadde ein alvorleg sjukdom og ikkje kunne overleve. I 1947 døydde han, bare 32 år gamal.

Kjelder