Hunsfossen
Hunsfossen er ein svær foss i Skjerka rett aust for Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Her stuper Skjerka i fleire trinn ned i ei djup bekkekløft. Fleire av dei øvste trinna i fossen har ei fallhøgde på meir enn 10 meter. På ei strekning på 700-800 meter er den samla fallhøgda om lag 110 meter.
Agder Energi har frå 2006 utnytta Hunsfossen til kraftproduksjon, sjå Uleberg kraftverk, og vassføringa i fossen har etter det vorte sterkt redusert.