Hopp til innhald

Rekevik

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. juli 2026 kl. 10:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke tømmerfloting)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Rekevik er ein stad på Øyna, ei lita vik i Otra, i Iveland kommune.

Før oppdemminga av Gåseflåfjorden fyrst på 1950-talet var det eit fall på om lag seks meter, Soga, frå Kilefjorden ned til Rekevik.

Etter at Gåseflådammen kom fyrst på 1950-talet, og vasstanden oppover i elva blei heva, blei tømmerstokkane som kom drivande enkeltvis nedover frå Soga samla igjen ved Rekevik. Tømmeret blei lagt i ein ringbom og teke samla ned til dammen.

Kjelder

Kart