Hopp til innhald

Gunhild Sveinsdotter Viki

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. juni 2026 kl. 06:09 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om forbindelsen til Birgit Spikkeland)

Gunhild Sveinsdotter Viki (fødd Røysland 1862, død 1939) var gift med Håvard Olsson Viki (f. 1860, d. 1954) og bondekone på gardsbruket Innistog Viki i Valle.

Gunhild og Håvard hadde ni born saman, mellom dei Svein Håvardsson Viki. Svein og kona Ingebjørg Bjørnsdotter Viki (f. 1888, d. 1927) hadde fire døtre, mellom dei rosemålaren Birgit Spikkeland (f. 1922). Ingebjørg døydde tidleg, då Birgit berre vare fire år gamal. Farmora Gunhild som budde i same huset i Innistog Viki kom då mykje til å gå inn i morsrolla. Ho hadde kunstnarevne og oppmuntra Birgit til å rosemåle.

Kjelder