Innistog Viki (Valle gnr. 44 bnr. 1)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Innistog Viki er eit gardsbruk (Valle gnr. 44 bnr. 1) i Viki i Valle. Bruket ligg mellom Systog i nord og Oppistog i sør. Heimelshavarar (2024) er Magnus Berg (1/2) og Ida-Marie Steinhaugen (1/2).
Kulturminne
Bak våningshuset frå 1970-åra ligg eit gamalt setesdalshus med nystog og gamlestog (gamal røykstoge) frå 1600-talet. I bakken opp for det gamle huset står eit gamalt loft.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 251–267
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk
- Artikkel om gamle kulturminne i Innistog Viki på Kulturminnesok.no