Tolleis plass
Utsjånad
Tolleis plass var ein husmannsplass i nærleiken av Huset på Vestre Tveit i Hornnes. Han skal ha ligge mellom to andre husmannsplassar i området, Nere Huseplass og Jens´s plass.
Plassen høyrde til Hornnes-garden. Kva for eit bruk som hadde han er usikkert. Men det kan ha vore Lunnen. Kva tid plasser var busett er også noko usikkert, men truleg var det frå 1830-talet og ein del år frametter.
Det kan ha vore Tollei Ellingson Tveit (f. 1806, d. 1875) ) som rydda plassen.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, side 462–463