Hova

Foto: Geir Daasvatn
Hova er ein tidlegare husmannsplass og eit nedlagt småbruk på Klepsland, på heia mellom Flatebygd og Gautestad, i Evje. I dag (2024) høyrer staden under bnr. 1 på Klepsland.
Historie
Det er usikkert når dei første braut opp jord og busette seg på Hova. Men Hans Hova måtte selge gardsbruket sitt på Klepsland rundt 1850, og flytta då opp til Hova med familien. I 1865 er Hans Kristensen oppført som husmann med jord i Hova. Det er truleg same mannen. Dei hadde først eit svært lite våningshus og eit uthus med plass til eit par kyr. Seinare fekk dei bygd seg eit større bustadhus. Hans Hova levde resten av livet sitt på Hova.
Kjelder
- Erik Kjebekk, Flatebygd - heimbygda mi, utgjeve av Evje og Hornnes sogelag, 2015, side 96–98
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, 1990, side 162