Nynorsk næringslivspris

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. oktober 2010 kl. 00:14 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (overskriftsnivå)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nynorsk næringslivspris er etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til bruk av nynorsk i næringslivet. Prisen har ein verdi av 10.000 kroner. Den vart delt ut første gong i 2007.

2007

Den første prisen gjekk til Hillestad-verksemdene som no femner om Hillestad smykke, Hillestad galleri, Hillestad feriesenter og Hillestadheia. Prisen, eit flott gaupebilete måla av Olaug Åsen, vart delt ut i Hillestad-galleriet like etter opninga av den nye utstillinga deira den 30. juni 2007 kl. 12.00 . Juryen var: Sigurd Haugsgjerd, Jan Kløvstad, Anne Tone Hageland, Anne Austad, Aslak Fjermedal, Kåre Seland og Astrid Myhre.[1]

2008

?

2009

Prisen for 2009 gjekk til avisa Setesdølen og vart delt ut på Evjemoen under messa Naturligvis (tidl. Landbruksdagane) 16. august. Prisen redaktør Sigurd Haugsgjerd mottok, var eit 54x65cm oljemåleri på lerret med skogsmotiv av Nils Belland, Froland, med eit messingskilt inngravert ”Nynorsk næringslivspris 2009 Mållaga på Agder” på ramma. Juryen var fylkesstyra i Aust- og Vest-Agder Mållag.[2]

2010

Prisen for 2010 gjekk til Bjåen fjellstove ved Ragnhild Bjåen fordi ho har våga å bruke nynorsk i all si marknadsføring og reklame, på heimesida og andre stader. Prisen var ein sum på 10.000 kroner og eit diplom laga av Olav Bjørgum. Juryen var sett saman av leiar og nestleiar i Aust-Agder mållag og Vest-Agder mållag (Astrid Myhre, Olav Løtveit, Anne Austad og Åslaug Haugå) pluss Sigurd Haugsgjerd, Anne Tone Hageland og Jan Kløvstad.[3]

Referansar

  1. Nynorsk næringslivspris til Hillestad
  2. Nynorsk næringslivspris 2009
  3. Sigurd Haugsgjerd: Pris til Bjåen Fjellstove. Artikkel i Setesdølen nr. 81, 2010 side 6