Jan Kløvstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jan KløvstadSymbol unrelated.svg
Jan Kløvstad.jpg
Født: 13. mai 1956 (63 år)

Jan Kløvstad (fødd 1956) er frå sommaren 2009 prosjektleiar i Bokbyen ved Skagerrak i 60% stilling og fylkessekretær for Agder Venstre i 20% stilling. Han har arbeidd som fylkessekretær i Noregs Ungdomslag, kultursekretær, forlagssjef i Noregs Boklag og marknadskonsulent i Det Norske Samlaget, sekretær for Alko-Kuttkampanjen, informasjonsjef i Venstre, direktør i Nordens Hus på Færøyane, politisk sekretær for sentrumspartia i Nordisk Råd, direktør for Grønlands Kulturhus - Katuaq i Nuuk i Grønland. 1999-2009 kultur- og miljøsjef i Tvedestrand. Han bur på Skjulestad i Arendal kommune, er gift og har to barn. Utdanninga si har han frå Høgskulen i Volda, der han gjekk på lokalsamfunnslinja.

Verv[rediger]

Frå 2007 har han vore medlem av Arendal bystyre og gruppeleiar for Venstre og frå 2011 nestleiar helse- og omsorgskomiteen. Han er og varamann til fylkestinget i Aust-Agder. Han har hatt mange verv i Venstre, Foreningen Norden og Noregs Ungdomslag på lokalt, regionalt, nasjonalt og nordisk plan, og i Liberal International.

Han var styremedlem i Det Norske Samlaget 1986-1988. Han har også vore styremedlem i Nordisk Informasjonskontor Sør-Norge (2001-2007), ITCIP- International Training Institute of Indigenous Peoples (hovudsete Nuuk/Ottawa) (1999-2009), Bokbyen ved Skagerrak i Tvedestrand og Kystkulturuka (1999-2005) i Tvedestrand og styremedlem for ungdoms- og musikkfestivalen Skodje Fjord Cadenza i oppstartingsperioden. I 1995 var han mellom initiativtakarane til Stiftelsen Torgny Segerstedts Minne i Göteborg. I 2004-2005 var han medlem av Jørgen Løvland-nemnda for å løfte fram Venstre sin statsminister i Stockholm i 1905. Medlem i styringsgruppa for Sørlandets litteraturpris. Medlem av Kunstnarleg råd for Dei nynorske festspela i Ørsta 2005-2007. Styremedlem Sørnorsk filmsenter frå hausten 2008, nestleiar frå 2012. Sakkyndig i Nordisk kulturfond 2008-2010, norsk sekretær for Letterstedtska föreningen frå 2009. President i International Organisastion of Booktowns 2012-

Bibliografi[rediger]

  • Lutefisk (1988) saman med John Moberg
  • Glede og hugnad, samarbeid og dugnad. Aust-Agder ungdomslag 1896-1996 (1996)
  • Ild, begeistring og varme. Om første folkehøgskolen på Sørlandet (2000)
  • Ungdomshuset. Eit kultursenter i Bygde-Norge 1986, hovudforfattar og redaktør
  • Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996 (1995), hovudforfattar og redaktør
  • Søkelys på biografi- og memoarlitteratur om og av nordiske samtidspolitikere (1990), redaktør
  • Etikk i politikk og journalistikk (1990), redaktør
  • Norsk humor (1995) saman med Herbjørn Sørebø
  • Spøkefugl og alvorsmann - Øyvind Bjorvatn 80 år (2011), redaktør

Han har og redigert og skrive ei rekke bøker om kulturhistorie, humor, færøysk, grønlandsk og nordisk kultur samt artiklar i bøker.

Prisar[rediger]

  • 4H-plaketten for fullført 4H-program 1975
  • Sparebankens initiativpris i Aust-Agder 1982 for arbeid med hjelpesendingar til Polen (saman med Ingeborg og Per Haakstad),
  • Ole Vig-prisen 1987 for frivillig ungdomsarbeid og arbeidet med Aksjonen Norge mot Dounreay,
  • Reiselivsprisen på Færøyane 1994,
  • Turistambassadør for Grønland.
  • Tildelt Sokneprest Andersson-Ryssts pris i 1999 for samarbeid mellom Norge, Færøyane og Island.

Eksterne lenker[rediger]