Kåre Seland
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Kåre Seland | ||
|---|---|---|
| Født: | 8. september 1936 | |
| Død: | 31. desember 2017 (81 år) | |
Kåre Seland (fødd 8. september 1936, død 31. desember 2017) budde på Ovland i Gjøvdal. Han var enkemann, kona Jorunn Seland, fødd Haugsjå, døydde for fleire år sidan. Dei fekk tre søner. Gravferda var frå Gjøvdal kyrkje torsdag 11. januar 2018.
Han var frå Selandsdalen i Audnedal. Han var utdanna lærar og arbeidde den første tida på Sand i Ryfylke. Men han gav opp lærargjerninga då han fekk trøbbel med ryggen og fekk jobb hos fylkesskulesjefen i Aust-Agder. I fritida var han aktiv i målrørsla, folkedansmiljøet og skytterlag med sterke jakt- og friluftinteresser. Sigurd Haugsgjerd skreiv i minneordet om han at «i Setesdølen blir han mest hugsa for dei mange telefonane om lovbrot frå mektige byråkratar i saker som galdt målbruken.»
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Eit hår i språksuppa er borte. Minneord i Setesdølen nr. 2, 2018 side 6