Tarjei Bratteland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. februar 2026 kl. 09:37 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tarjei Bratteland
Tarjei saman med kona Ingebørg.
Født: 22. oktober 1894
Død: 14. februar 1990 (95 år)

Tarjei Helleikson Bratteland (fødd 1894, død 1990) var bonde på gardsbruket Evre Dysje på garden Dysje i Botnen, på nordsida av og langt vest ved Botsvatn i Bykle. Han var fødd på Bratteland, men kom til Dysje i 1907.

Tarjei var gift med Ingebjørg Bratteland (fødd Åmli). Dei to var dei siste fastbuande på Dysje. Dei flytta frå garden i 1954. I 1969 overførte dei gardsbruket til sonen Helleik Bratteland.

Då Tarjei og Ingebjørg reiste frå Dysje, kom dei først til Skreros. Frå då av arbeidde Tarjei som skogsarbeidar. Etter at heile barneflokken var flytta ut, budde dei på Oggevatn, og deretter på Hovland i Vegusdal, der Tarjei var forpaktar og skogsarbeidar. Deretter flytta dei attende til Oggevatn, før dei budde ei tid på Greppestøl i Ålefjær. Dette vart svært mange flyttingar, før dei tilslutt flytta til Vågsbygd i 1964, og budde der i huset til sonen Helleik livet ut.

Kjelder