Vedbakk
Utsjånad
Vedbakk er ein gamal støyl under gardsbruket Lunden Mosdøl i Bykle. Staden er på nordsida av Storetjønn, nokre hundre meter aust for Nygård.
Olav Olavsson Bratteland (f. 1800, d. 1864), kona Gyro Knutsdotter (f. 1797, d.1868) og sonen Olav (f. 1832) var dei einaste som budde på staden. Det var frå kring 1864 til 1868. Dei budde i støylsbua. Olav eigde først gardsbruket Myri på Holen. Men i 1852 gjekk det på tvangsauksjon. Olav og Gyro blei verande som brukarar, til dei måtte ut i 1864.
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, utgjeve av Bykle kommune, 2006, bind III, side 282 og bind IV, side 80