Høkje
Ei Høkje er ein staur eller stokk, om lag ein meter lang, som ein slo ned i jorda på støylsvollen og batt kua til. Banda (kyrne) blei flytta rundt på støylsvollen kvar morgon. På det viset låg dei turt og godt og heile støylsvollen blei gjødsla.
I Hylestad kalla ein høkja for eit «snag».
Kjelder
- Ordforklaring på Vallemal.no
- Knut Gjerden, Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1993, side 508
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 74