Storknusaren (Flåt)

Foto: Geir Daasvatn
Storknusaren var eit knuseverk i Nygruva ved Flåt nikkelgruve som frå 1929 knuste dei svære steinane som kom opp frå gruvegangane til mindre stein, før dei kunne skeide (sortere) malmen i ulike kvalitetar. Storknusaren kom frå Sverige. Han kunne knuse stein som var 90 X 60 cm store. Før dette var det steinsleggarar som måtte slegge alle steinar som var større einn ein fotball, før dei kunne kaste dei inn i ein mykje mindre steintyggar som var i bruk fram til 1929.
Kjelder
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 153–155, side 218