Tveit sag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. mai 2025 kl. 09:09 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Eksterne lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tveit sag 5. mai 2025.
Tveit sag 8. desember 2014.
Foto: Geir Daasvatn
Tveit sag 8. desember 2014.
Foto: Geir Daasvatn

Tveit sag er eit nedlagt sagbruk i ein foss i Tveiteåna, rett aust for garden Austre Tveit. Her hadde Olav N. Sundbø sag og høvleri, som han dreiv i mange år. Det var på vestsida av åna. Etter han overtok sonen Torbjørn Tveit. Han bygde eit nytt, svært sagbruk på austsida av fossen. Men det var helst svigersonen til Tveit, Ingemund Bjorå, som kom til å drive dette nye sagbruket. Det skal ha vore i drift frå rundt 1950 til 2000. På det meste var det jamt fem mann i arbeid på saga.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...