Skurdonn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. februar 2025 kl. 09:48 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kornåker i Hornnes 1. august 2018.

Skurdonn (Skurden) er arbeidet med innhausting, i hovudsak av korn, i landbruket. Namnet kjem av eit gamalt ord for «å skjere» og norrønt onn, for «eit årvisst arbeid i landbruket». Innhausting av korn skjer om hausten.

Skurden i Setesdal

I Setesdal kallast skurdonna for skurden. I Valle var bygg mest einerådande som matkorn i eldre tider. Mogningstida er om lag 14 veker. Om ein fekk sådd rundt midten av mai, kom skurden såleis i andre halvdel av august. Etter eit par vekers tørketid kunne kornet vere i hus i byrjinga av september.

Kjelder