Skakvonde (kvern)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. desember 2024 kl. 10:06 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Inne i kvernhus på Gjerustad i [Vegusdal

6. august 2024. Ein ser skakvonden som ein lang, tynn pinne til vestre for matsvinet.

Foto: Geir Daasvatn

]]

Ein skakvonde er eitt av reidskapa som høyrde til i dei gamle kvernhusa. Det er ein laus pinne som går ned på kvernsteinen og opp gjennom eit hol i ein pinne som står i viestokken. Når kvernsteinen sviv ristar skakvonden opp og ned og fører same ristinga over på matsvinet. Dermed drys kornet lett og jamnt ned i kvernauga.

Kjelder