Ånund Såvesson Nomeland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. desember 2024 kl. 19:57 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ånund Såvesson Nomeland
Født: 15. februar 1863
Død: 7. januar 1911 (47 år)

Ånund Såvesson Nomeland (fødd 1863, død 1911) var lærar i Hylestad og Valle, og ein kjend og høgt akta religiøs forkynnar og klokkar.

Ånund Nomeland stod i spissen for å få reist bedehus i Valle, saman med sokneprest Svanholm. Han var leiar i skulestyret i Valle i 1904, då Knut Jonson Heddi fekk ei form for oppreising etter å ha kjend seg nøydd til å søke avskil som lærar mange år tidlegare.

Ånund var gift med Anne Jonsdotter Nomeland (f. Uppstad). Dei budde i klokkargarden Ruslehaugen i Valle kyrkjebygd. Ånund døydde av tæring i januar 1911.

Kjelder