Gravbakkjen
Gravbakkjen er truleg ein gamal gravferdsslått. Tradisjonen seier at Petter Kristian Strømsing (f. 1759, d. 1836) laga han til si eiga gravferd. Eldste sonen, Rasmus frå Hobbesland i Eiken, skal ha spela slåtten over kista til fars sin i 1836. Slåtten er også kjend under andre namn, som til dømes Oppstandelsen i Åseral og Enkjesorgi i Tovdal. Frøyrakjen er òg eit namn som stundom er nytta.
Kjelder
- Vidar Lande, Mellom aust og vest. Folkemusikk i Evje og Hornnes, utgjeve av Vidar Lande i samarbeid med Evje og Hornnes Sogelag, 2024, side 43–44