Gravbakkjen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Gravbakkjen er truleg ein gamal gravferdsslått. Tradisjonen seier at Petter Kristian Strømsing (f. 1759, d. 1836) laga han til si eiga gravferd. Eldste sonen, Rasmus frå Hobbesland i Eiken, skal ha spela slåtten over kista til fars sin i 1836. Slåtten er også kjend under andre namn, som til dømes Oppstandelsen i Åseral og Enkjesorgi i Tovdal. Frøyrakjen er òg eit namn som stundom er nytta.

Kjelder