Murtetjønn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. oktober 2024 kl. 10:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Småpuss)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Murtetjønn med Fv-42 i bakgrunnen.

Murtetjønn (367 moh.) er eit lite vatn på heia ved Tveit i Hornnes vest i Evje og Hornnes kommune. Vatnet ligg på venstre side (sørsida) på toppen av dei bratte Tveite-kleivane når ein køyrer Fylkesveg 42 mellom Hornnes og Sveindal. Ut av tjønna renn ein liten bekk som lenger nede i terrenget renn ut i Kjetsåna. Tjønna drenerer såleis til Otra.

På austsida av tjønna går Murtetjønnvegen frå Fv-42 inn til dei mange hyttene som ligg i området. Rundt tjønna er det også dyrka opp fleire åkrar for grasproduksjon.

Kjelder

  • Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal

Kart

Laster kart ...