Bjørnefjellbekken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. august 2024 kl. 20:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørnefjellbekken 14. juli 2024.

Bjørnefjellbekken er ein liten bekk som renn ut i Otra frå aust ved Evjekilen. Før han renn ut i Otra lagar han ei evje. Denne evja har gitt namn til garden Evje, som seinare vart Prestegarden og har gitt namn til soknet og seinare tettstaden Evje. I Prestegardsmarka ligg det ein 60–70 meter lang og opptil fire meter høg steindam. Dammen har ein gong stemt opp Bjørnefjellbekken i dette området.

Kjelder

Kart

Laster kart ...