Kåsland

Foto: Geir Daasvatn
Kåsland er eit småbruk på Bjørgum i Hylestad. Husa ligg lengst sør-aust på Bjørgum, nær breidda av Otra. Kåsland er heimen til spelemannen Hallvard T. Bjørgum. Her vaks også far hans, Torleiv H. Bjørgum, opp.
Historie
Sjølve namnet Kåsland kan vere heller gamalt. «Kanskje var det i tidi før svartedauden (ca. 1350) ein sjølvstendig gard med dette namnet - grensone treng sjølvsagt ikkje vere dei same som me kjenner i dag», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Dagens Kåsland blei skild frå bnr. 2 i 1893.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 68–71
- Kart på nettsida til Statens Kartverk