Hugo Homme

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2024 kl. 08:57 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Formatering)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hugo Homme
Født: 28. januar 1953 (73 år)

Hugo Homme (fødd 28. januar 1953) er skulebussjåfør i Setesdal Bilruter og køyrer skulebuss i Valle.

Hugo gjekk på Blakstad videregående skole og utdanna seg til bilmekanikar. Men 19. januar 1974 tok han til som sjåfør i Setesdal Bilruter. I selskapet har han hatt lasterutekøyring, vore sjåfør under Lillehammer-OL i 1994 og køyrt personruta mellom Hovden og Kristiansand. I ein kort periode var han busett i Froland og køyrde buss i Arendalsområdet. Han har vore avløysar i mange periodar, og køyrer framleis (2024) skulebuss.

Fredag 19. januar 2024 møtte trafikksjef Jan Oddvar Rysstad og mange arbeidskollegaer i Setesdal Bilruter opp på ESSO-stasonen i Valle for å hylle Hugo Homme. På den dagen var det nøyaktig 50 år sidan han hadde sin første arbeidsdag som sjåfør i Bilruta.

Hugo er son til Ingebjørg Vegestog Homme og Tarald Homme.

Kjelder