Brattekleiv gruve

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. desember 2023 kl. 09:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Dobbeltkategorisering)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Brattekleiv-gruva i 2014. Foto: Geir Daasvatn

Brattekleiv gruve er ei nedlagt cleavelanditt-gruve kort etter garden Lauvland i Evje når ein køyrer fylkesvegen frå Galteland mot Iveland. Gruva ligg på nedsida (vestsida) av vegen. Det går traktorveg fram til gruva.

Det er rapportert chrysoberyll frå denne gruva. Molybdenglans som er i samlingane til Bergverksmusèet på Kongsberg kjem herfrå. Brattekleiv er ein av dei mest kjende førekomstane av beryll og columbitt i Iveland- og Evje-distriktet.

Grunneigar har ønske om å utvikle gruva til turistformål.

Kjelder