Tarald J. Harstad
| Tarald J. Harstad | ||
|---|---|---|
| Frå fotosamlinga til Alf Georg Kjetså | ||
| Født: | 13. november 1877 | |
| Død: | 6. januar 1954 (76 år) | |
Tarald J. Harstad (1877–1954) var lærar og ordførar (1917–1922) i Hylestad. Han vart tilsett i 1900 i Nomeland krins, då Bjørgulv D. Bjørnarå reiste til Amerika. Frå 1917 var Tarald lærar i Nomeland-Uppstad krins. I 1919 vart Kåvenes skule bygd. Han gjekk av med pensjon i 1941.
I 1916 etablerte Arbeiderpartiet seg i Hylestad og ved valet det året, som var fleirtalsval, fekk partiet alle 12 mann inn i kommunestyret. Tarald Harstad vart ordførar den perioden, og også neste periode, då det var loddtrekning mellom han og Gunnar T. Rysstad.
Tarald var gift med Magl B. Harstad (f. Rysstad 1886, d. 1980).
Kjelder
- Torjus Åkre: «Lærarar i Valle og Hylestad». Artikkel i Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad 1983 side 117–118
- ibid. side 75
- Aust-Agder fylke, Valle, Ministerialbok nr. A 8 (1868-1882), Fødte og døpte 1878, side 61.
- DIS-Norge, Slekt og data; Gravminner
- Alfred Ryningen, Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 505–507
| Forgjenger: Gunnar T. Rysstad |
Ordførar i Hylestad (1917–1922)
|
Etterfølger: Gunnar T. Rysstad |