Tobias Moi Transport

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. april 2023 kl. 08:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Røynli bru)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tobias Moi Transport er eit selskap (AS) som driv med godstransport på veg, vinterdrift av vegar (brøyting m.v.) og liknande oppgåver. Hovudkvarteret er i Hornnesvegen 22 på Hornnes. Det er fire tilsette. Innehavar og dagleg leiar er Tobias Moi (f. 1996).

Firmaet har i 2023 teikna tre kontraktar med Aust-Agder fylkeskommune om vinterdrift av Fylkesveg 42 vest, frå Hornnes vestover mot Sveindal, Fylkesveg 3778 frå Dåsnes til Røynli bru i Åseral og diverse fylkesvegar i Evje og Hornnes. Kontraktane gjeld fram til 2028, og har ein samla verdi på rundt 12 millionar kroner.

Kjelder