Ivero
Ivero var dei faste plassane der folk rodde eller ferja over elva. Til dømes rodde folk som skulle frå Hedde til Straume i Hylestad til vanleg over Otra under Straumsfossen. På Byklestøylane finst både Iverosvegen og Iverosbekken til minne om denne ordninga.
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 129–130