Marit Jaabæk Brokke

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. september 2022 kl. 16:23 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Brokke AS)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Marit Jaabæk Brokke
Født: 19. februar 1973 (53 år)

Marit Jaabæk Brokke (fødd 1973) er rektor på Valle skule frå juli 2014. Ho har utdanninga som lærar frå Høgskulen i Agder 1993-1997. Deretter fekk ho lærarstilling i Valle kommune og arbeidde som lærar på Hylestad skule. I 2010 var ho rektor på Setesdal folkehøgskule eit år, deretter arbeidde ho som dagleg leiar i Brokke AS i tre år. Ho var også booking koordinator der i same periode. Frå 2013 til 2014 hadde ho ei prosjektstilling for Sesilåmi innan marknadsføring og utvikling før ho fekk stillinga som rektor på Valle skule.

Marit Jaabæk Brokke har også hatt fleire styreverv, mellom anna i Valle infrastruktur og Valle IL og ho er leiar for Damenes Aften og styreleiar for Brokke AS. Ho er gift med Svenn Magne Brokke.

Kjelder