Fosskar
Fosskar var eit anna namn på flotarane (eller «føllarane»), som var dei som følgde tømmeret nedover vassdraget under tømmerflotinga. I eldre tid var fosskarane i Otra mest alltid utmenn eller blåmenner, dvs. frå Evje, Hornnes og Hægeland. Dei var ikkje velsedde. Seinare kom også dalegutar med i flotinga. Arbeidet blei høgare verdsett, og fosskarane blei betre lika.
Kjelder
- Andreas Vevstad, Fosskarane og Åna, utgjeve av Fellesfløtningen i Otra, 1999, side 9 og side 14