Hopp til innhald

Ridevegen Breive–Roaldkvam

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. februar 2022 kl. 12:23 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ridevegen Breive–Roaldkvam er ein gamal ferdaveg vestover for byklarane. Han gjekk frå Breive, gjennom Veringsdalen, over Nordmannsvadet, forbi Sveigen, over Meien, forbi Bleskestadmoen fram til Roaldkvam og vidare til Hylen i Suldal. Breive-folk brukte denne vegen når dei var på handletur til Suldal. Der kjøpte dei korn, mjøl, salt og andre handelsvarer. Men det er høgt og vêrhardt å gå over Meien vest for Veringsdalen. Over 20 menneske skal ha mista livet på denne strekninga på 1700- og 1800-talet. Folk frå Breive skal ha gått handelsturar over Meien heilt til 1890-åra. Seinare blei det opna turiststasjon i Breive, og bygt turisthytte på Bleskestadmoen. Då blei ridevegen over Meien merka som turistløype.

Kjelder

Kart