Nomeland (Valle gnr 47 bnr 33)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. februar 2021 kl. 14:51 av Siri J (diskusjon | bidrag) (Siri J flyttet siden Nomeland (Valle gnr. 47 bnr. 33) til Nomeland (Valle gnr 47 bnr 33) uten å etterlate en omdirigering)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nomelandshus 2017.

Nomeland (Valle gnr. 47 bnr. 33) er ein ca 13 mål stor eigedom på Nomeland på vestsida av Otra, vest for Valle sentrum. Huset på eigedomen var tidlegare våningshuset på det gamle gardsbruket Nomeland (gnr. 3)[1]. I dag er det restaurert, og i bruk under namnet «Nomelandshus» som utleigelokale til turistar, selskapslokale og konsertlokale. Det er også eit loft og ein låve på eigedomen. Loftet kom frå garden Jordet i 1906[2], og er bygd inntil våningshuset.

Eigar i dag er Olav Nomeland, som er busett i Oslo.

Historie

Den eldste delen av våningshuset (gamlestoga) skal vere bygd på slutten av 1600-talet, ein nyare del (nystoga) truleg rundt 1820. I 1967 tok den ordinære gardsdrifta slutt. Husa blei fråflytta i 1993. I 2004 blei eit 13 mål stort areal med husa og det gamle kulturbeitet skild ut frå den opphavelege garden (bnr. 3), og fekk nytt bnr. 33. Våningshuset og stabburet blei restaurert, og det kom eit tilbygg bak huset. Eigedomen blei teke i bruk til overnatting for turistar, festlokale og konsertar.

Kjelder

Referansar

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 647 flg.
  2. Valle gards- og ættesoge, III, side 660